Go'mørning

Kameraovervaking på slakteria – kan ny teknologi gjera det aktuelt igjen?

Argus A.I. kan identifisere indikasjon på dårleg bedøving. Ein arbeider også med å identifisere og dokumentere stikking. Fotograf: Argus CV

Det er fem år sidan «Griseindustriens hemmeligheter» og eit krav om kameraovervåking i slakterier fekk aktualitet. Kva er eigentleg status for den diskusjonen i dag?

Etter Brennpunkt-dokumentaren "Griseindustriens hemmeligheter" i 2019, blei kameraovervaking lansert som eit tiltak for å sikre forbrukaren og opinionen eit realistisk bilet av kva dyr blir utsett for. Det blei av nokon påstått at slakteria i større grad ville bli ansvarleg for handtering av dyra, og mishandling ville lettare kunne bli avdekt. Landbruks- og matdepartementet (LMD) lanserte kameraovervaking som et verktøy for læring og kvalitetssikring. Prosessen med innføring av kameraovervaking blei likevel stoppa hausten 2022, då Landbruks- og matdepartementet snudde og viste til personvernomsyn og at Mattilsynets tilsyn var vurdert som tilstrekkeleg.

Utredning om kameraovervaking

Ei samla svinenæring blei i 2019 enig med LMD om å utgreie bruken av kameraovervaking i slakteri. Det blei derfor sett i gang eit pilotprosjekt i regi av Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) og Mattilsynet fekk i oppdrag å bidra i arbeidet. LMD ville med prosjektet få kunnskap om kameraovervaking styrker dyrevelferden samt kva moglegheiter og avgrensningar som ligg i eit slikt system.

Furuseth slakteri stilte som vertskap for pilotprosjektet, då dei alt hadde utstyr montert for kameraovervaking. Ein brukte systemet som støtte i internkontrollen, blant anna for å verifisere antall gris levert, slik det også blir gjort på andre slakteri. Prosjektet «Kan kameraovervåkning ha en positiv effekt på dyrevelferden i slakterier?» la fram rapporten sin i november 2020 og konkluderte med at kameraovervaking kan ha ein positiv, men avgrensa effekt på dyrevelferden i slakteria. Det kan bidra til å fange opp avvik, men det krev mykje ressursar frå både slakteri og tilsyn. Det er mange forhold der videoopptak ikkje egnar seg for kontroll, og dessutan er Mattilsynet alltid til stades på slakteriet under slakting.

Juridisk komplisert

Bruk og utlevering av videoopptak er eit komplisert juridisk område, og det er i norsk rett svært avgrensa kva opptak kan brukast til. Det er blant anna berre i konkrete saker at Mattilsynet kan be om utlevering av opptak. Ein må altså fyrst påvise avvik med fysisk tilsyn og deretter be om innsyn i videoopptak av ei konkret sak. Dette blei i rapporten halde fram som ei av årsakene til at Mattilsynet ikkje vil ha full nytte av videoovervaking utan at kameraovervakingsforskriften blir endra og utvidar tilgangen til opptaka.

Ny teknologi brukar KI til analyse av videoopptak 

Det nederlandske softwareselskapet Argus Computer Vision har utvikla eit system som gjer at kameraovervaking kan brukast til dokumentasjon og handtering av avvik på dyrevelferd på ein effektiv og systematisk måte. Systemet kan slik sett bidra positivt til arbeid med dyrevelferd og ikkje berre passivt registrere håndtering av dyra på slaktefjøset. Programmet, som ein har kalla Argus A.I., brukar kunstig intelligens (KI) i analysen av filmopptaka frå slaktefjøs. Teknologien er i bruk fleire stader i Nederland, og den er på veg inn på store slakteri England og Australia.

Argus Computer Vision sprang ut frå ein familie med eigarinteresser i eit storfeslakteri i den nederlandske byen Apeldoorn. Slakteriet opplevde at ein tilsett publiserte opptak av uakseptable forhold i slakteriet. Kameraovervaking blei innført for å sikre omdømme til slakteriet, men ein oppdaga fort at det var liten nytteverdi av videoopptaka. Dei ønskte derfor å utvikle eit smartare system som auka verdien av kameraovervakinga. Fleire av programmerarane i Argus har arbeidserfaring frå slakterisektoren og hadde derfor god innsikt i dei praktiske problemstillingane.

Argus A.I. er basert på tradisjonell kameraovervaking, men opptaka blir analysert ved hjelp av KI for å identifisere hendingar som inneber risiko for dyras velferd. Biletanalysen fangar opp teikn på dårleg bedøving og til dømes om dyr sklir og fell. I tillegg kan ein registrere bruken av elektrisk drivstav, boltepistol, temperatur og luftfuktigheit.

Niels Ilmer og Louis Gosschalk frå Argus Computer Vision framfor inngangen til slakteriet Ameco som nyttar kameraovervakinga dei har utvikla.

Niels Ilmer og Louis Gosschalk frå Argus Computer Vision framfor inngangen til slakteriet Ameco som nyttar kameraovervakinga dei har utvikla.

Fotograf : Animalia / Inge Midtveit

Manuelle registreringer

Personalet på slaktefjøset ber med seg ein slags fjernkontroll rundt halsen som gjer at dei manuelt kan registrere konkrete hendingar relevant for dyrevelferd. Dersom det til dømes kjem inn ein gris som er halt, så kan operatøren trykke på fjernkontrollen og registrere dette som ei hending. Kamera nærmast operatøren fangar dette opp og lagrar hendinga i systemet. Dyrevelferdsansvarleg kan så på slutten av dagen gå gjennom dei registrerte hendingane – både det som blei registrert automatisk og det som blei registrert manuelt – og sjå videoopptaka av desse. Dette er så grunnlag for å enten gå vidare med korrigerande tiltak eller logge det som ein definert kpi (key performance indicator). Bruk av elektrisk drivstav er ein vanleg brukt kpi på dyrevelferd.

Del av kvalitetssystem

Det nederlandske slakteriet Ameco brukar Argus A.I. aktivt i sitt kvalitetssystem. Der blir det slakta rundt 600 storfe dagleg, og det vil difor vera ganske mange hendingar kvar dag som potensielt kan registrerast i systemet. Slik sett er systemet best tilpassa større slakteri, men ifølgje Argus CV er fleksibiliteten til å skalere programmet til mindre slakteri god. Argus CV sitt mål er å gje slakteria meirverdi og grunnlag for kontinuerleg forbetring på ein heilt annan måte enn «dumme» system som berre lagrar videoopptak. Kameraovervaking kan berre brukast på definerte risikopunkt på linja om må kombinerast med avansert analysemetodikk om det skal ha vesentleg verdi i arbeidet for betre velferd.