Av Åshild Øritsland Våge, Lisbeth Hektoen og Vibeke Tømmerberg
Lamminga – den avgrensande arbeidstoppen
I 2013-2014 gjennomførte Helsetjenesten for sau ein undersøking der me intervjua 13 saueprodusentar som hadde auka talet på sau i buskapen sin vesentleg dei siste fem åra. Alle som var med i studien hadde mint 250 vinterfôra sau i 2012. I intervjua var ein innom dei fleste sidene av sauedrifta. Det var tydeleg at det dagelege arbeidet i liten grad set ein stoppar for kor mange sau ein kan ha. Utfordringa ligg i dei store arbeidstoppane, der lamminga er den klart viktigaste toppen.
«Om vi bruker en time mer om dagen i januar interesserer meg egentlig ikke. Jeg er heltidsbonde. Jeg kan ikke si at det er helt uinteressant, men det er ganske lite interessant. Dette handler om å overleve i lammingen. Så derfor er på en måte mye av opplegget lagt opp på at det skal funke i lammingen»
Alle bøndene me intervjua har produksjonsresultat som er godt over gjennomsnittet i Sauekontrollen. For å klare dette må ein lykkast i lamminga. Bøndene hadde gjennom års erfaring funnet fram til gode løysningar for si drift. Sjølv om dei var opptekne av mange av dei same tinga, var løysningane dei hadde valt ulike. Erfaringane deira blir oppsummert i denne artikkelen og illustrert med sitat frå intervjua. Uavhengig av kor mange sauer ein har, kan ein lære noko av korleis desse 13 produsentane førebur seg til lamminga, korleis dei prioritere oppgåver og korleis dei finn effektive arbeidsmåtar som igjen frigjev tid til å følgje opp dyra.
Avl på tidseffektive dyr
«Neste sesong begynner allerede ca 1.september»
For å få tid til alle gjeremåla i lamminga er det viktig at tidsbruken per dyr er så låg som mogleg, spesielt i ein stor buskap. Ved utval av livdyr må ein difor velje ut funksjonelle dyr, noko som og inneber søyer som fungerer i lamminga. Bøndene me intervjua var opptekne av forhold som gjorde at lam og søye blei mest mogleg sjølvgåande. Dei var opptekne av ei søye som kunne lamme sjølv og lam som var kvikke etter fødsel. Søya sitt jur måtte vera slik at lamma lett kunne finne spenane utan hjelp:
«Og så prøver vi da å slakte ut de som har helt håpløse jur. Det er mye arbeid med de dårlige (…) det blir mer arbeid med én slik enn med femti andre som er i orden.»
Eit avgjerande forhold var også søyas mjølkeevne, som må stå i høve til lammetalet.
«Ja, det er mjølkeevnen. Det er mjølk i dem. Det er veldig viktig, særlig ved lamming. Det er ingenting som sparer oss arbeid som at det er godt med mjølk»
Ein frisk sau er ein føresetnad
Bøndene i undersøkinga hadde eit bevisst forhold til at det er viktig med friske dyr både for dyrevelferd og for god produksjon, men også fordi dette sparer tid i lamminga. Dei ulike bøndene hadde ulike utfordringar, men alle gjorde tiltak for å sikre at søyene var friske rundt lamming. Behandling mot parasittar (leverikter og rundorm) var eit førebyggande tiltak svært mange nemnde. Av sjukdommar på søyene vart jurbetennelse dratt fram som det største sjukdomsproblemet.
Fôring av sauene med grovfôr av god kvalitet var eit grunnleggande men viktig tiltak for å sikre friske dyr. Nokre av bøndene tok fôrprøvar som dei brukte aktivt til å planlegge fôringa. Bøndene var også opptekne av å ha søyer i rett hold, søyene skulle ikkje vera for tynne. Det var vanleg å dele dyra i grupper etter lammetal, alder og evt. hold. Noen grupperte også søyene etter lammingsdato. Eit anna tiltak for å sikre friske dyr var tildeling av høy for å skape eit gunstig vommiljø.
«Etter at de har fått grovfòr og kraftfòr så går jeg og strør over høyet i fòrgangen for å få sikret den vomstrukturen. Det er konsekvent»
Mange av bøndene brukte fôringssituasjonen til å sjå over at dyra var friske.
«For når kraftfòret tildeles – de som ikke møter opp da, da er ikke friske.»
Hjelp i lamminga
Det var berre ein bonde som ikkje hadde noko hjelp i lamminga, elles blei arbeidstoppen dekka enten ved hjelp av familie og/eller leid arbeidskraft. For dei som var fleire i lamminga var fordeling og prioritering av oppgåver viktig. Det er viktig at alle veit kva oppgåver dei har. Dette gjer arbeidet meir effektivt for alle. Oversikten med dyra ville bøndene ofte ha sjølv, medan dei som hjelpte til kunne stå for oppgåver som t.d. fôring og flytting av dyr.
«Hovedjobben min er, synes jeg, å ta meg av fødsler og oppfølging av lam etter at de er født. (…) Det er jo ganske krevende. Det er ikke så lett å dele ut det på sånne vakter, for det er noe du på en måte må sjå litt sjøl.»
I dei fjøsa det var fleire som jobba samtidig var det viktig å ha system som sikra at beskjedar blei overlevert, og at arbeidsoppgåver ikkje blei glømt når ein ikkje var der. Ein av måtane dette blei løyst på var ved hjelp av whiteboard-tavler der bøndene skreiv opp viktig informasjon som t.d kva for nokre dyr som skulle ha medisin og kva lam som trengte tilleggsfôring. Eit anna tiltak for å sikre at dyra blei fylgde opp var bruk av huskelister. Ei huskeliste er ein enkel måte å sikre at dyra får rett oppfylging uavhengig av kven som er i fjøset.
System som gjev oversikt over dyra
I lamminga er det mykje som skjer samtidig, og mykje ein skal holde orden på. Skal ein lykkast er det viktig å ha oversikt over buskapen.
Her er nokre av tinga dei gjorde for å halde oversikt:
- Ikkje for mange dyr i bingane
Fleire uttrykte at dei ville ha få dyr i bingane for å raskare kunne få oversikt over dyra. I små bingar kan ein enklare sjå kva lam som høyrer til søya, og sjå at alle får tilstrekkeleg mengde mjølk. Det blei og påpeika at sauen er eit familiegruppedyr som trivst best i mindre grupper. - Merking som gir ei raskt visuell oversikt
Bøndene hadde ulike system som gjorde at dei raskt kunne få oversikt over kva lam som høyrde til kvar sau, og kva lam som skulle gå i kvar av bingane.- Fargespray:
«i lamminga er vi veldig nøye med å kode lammene. Vi farger lammene og mødrene og hele systemet med tall og greier, som vi sprayer på dem. Da får vi veldig oversikt når vi blander i storbinger» - Strips på øyremerker:
fargekode for kvar av storbingane gjer at ein raskt får oversikt over kva dyr som skal vera i bingen.
Fargen på stripset i øyra fortel kva binge lam og søyer høyrer heime i.
Foto: Jon Lilleslett
- Fargespray:
- Strategisk plassering av sjuke dyr
Kor du plasserer dyra i huset påverkar kor mykje tilsyn dei får. Det er difor viktig å plassere dei søyene som treng ekstra tilsyn nærmast. Ein av bøndene plasserte bevisst sjuke søyer slik at det blei naturleg å sjå til dei fleire gonger per dag.
”Det er disse problemsauene som du må ha litt ekstra tilsyn med. De må en plassere strategisk sånn at en ser dem mange ganger i løpet av dagen, sånn at de ikke står i den innerste kråen. For da blir de vekkglemte.”
Effektivt arbeid frigir tid til dyra
For å rekke mest mogleg prøvde bøndene å redusere tidsbruken på arbeidsoppgåver som fôring, flytting av dyr, merking av lam osv. For enkelte var mekanisering ein bevisst måte å løyse tidsknipa på. Av dei som hadde bygd nye fjøs var det mange som hadde valt mekaniserte fôringssystem for å redusere tidsbruken.
Råmjølkstildeling er svært viktig men kan ta mykje tid. Bøndene hadde ulike måtar å løyse dette på. Ein av bøndene hadde kjøpt mjølkepumpe og mjølka ut av alle søyene og gav lamma første mål på flaske. Fleire andre vurderte risikoen for at det enkelte lam fekk for lite råmjølk ut frå kullstorleik og mora sin produksjon, og mjølka ut og gav der dette trongst. Sjølv om det er travelt i lamminga prioriterte alle bøndene å følgje med at lamma drakk. Halm i lammingsbingar blei tatt fram av mange som eit tiltak som sikra godt miljø for lamma.
Foto: Vibeke Tømmerberg
« … skal det jo være et krav om tett underlag for lammene. Vi har brukt å kjøpe den kutta halmen fra Sverige så vi strør et skikkelig teppe med halm oppi bingen og lammene. Det fungerer utrolig bra. Den trør sauen igjennom strekkmetallet og i løpet av de to første døgnene så er bingen helt ren. Så det blir ingen reingjøring utav det eller noen ting.»
Fleire av bøndene hadde gjort tiltak for å effektivisere sortering og flytting av dyr. Ved å sortere før eller ved lamming slepp ein at det går med ekstra tid til sortering ved utslepp.
«Det er sånne ting jeg tenker litt på på forhånd, hvordan jeg skal plassere sauene før lamminga for å få minst mulig flytting av dyr. (…) Da prøver jeg å ha de som skal på det ene beitet i den bingen, og de andre i den bingen. Så når tida kommer og de skal slippe ut trenger du ikke sortere før de skal sleppes ut. (…). Og det er au litt tid spart.»
God prognose ved tidlig behandling
Når det gjaldt sjukdom var de opptekne av å oppdage tilfella tidleg, og hadde då god erfaring med å få søyene friske. Dei fleste sa dei var raske med å ringe veterinær når dei trudde prognosen var god.
«Det er jo viktig å se det tidlig slik at man kan gjøre tiltak. Jo snarere du gjør tiltak, jo større sjanse er det for at sauen berges.»
Kunnskap og erfaring gjer at ein meir effektivt kan vurdere dyra sin prognose. Fleire var opptekne av at dei dyra ein ikkje kan redde må ein ikkje bruke tid på. Like viktig var det at dei med dårleg prognose blei avliva tidleg.
«Men det er vel klart at det slår meg kanskje litt at nå kan jeg litt mer om forskjellige symptomer, så kanskje jeg avliver litt fortere dyr som jeg ikke ser det er håp for. Jeg gjør nok det. For en kan liksom ikke bare ha syke dyr liggendes og ikke gi dem pleie. Da er det bedre å avlive dem. Det er en plikt»
Øving gjer meister
Bøndene me intervjua var tydelege på at dei hadde blitt mykje betre på å handtere lamminga med åra. Dei var oppriktig interessert i det dei dreiv med og dei var stadig på leit etter ny kunnskap og nye måtar å løyse utfordringane på.
«Det er det å løse lammingen som er utfordringen og at det er igjen ordentlig med lam til slutt og at de vokser godt. Da er det om å gjøre å perfeksjonere egne opplegg og ikke minst bli flinkere til å rekruttere hjelp.»