Dyretransport

Fagområder:
Dyrevelferd
Dyrehelse
Dyretransport

Dyretransport er eit område med stor offentleg interesse og kjøttbransjen er opptatt av å sikre kvaliteten på den transporten som blir utført. Tradisjonelt har dyretransporten i Noreg mindre omfang enn i mange andre land – både med omsyn til talet på dyr som blir transportert og til avstand eller reisetid.

Velferden til dyr under transport er likevel mykje meir enn transporttid og rullande hjul. Derfor arbeider Animalia  med dyretransport på mange ulike områder .


Dyretransportkurs storfe, småfe og gris

Animalia arrangerer to kurs årleg på ulike stader i landet. Kursa går over to dagar og gjev kompetansebevis for transport storfe, småfe og gris. Kompetansebevis er eit krav for alle som transporterer dyr – både egne og andres, over 50km. Det er også eit krav for dei som transporterer andre enn sine egne dyr under 50km. NB! Transport til og frå beite er unntatt.

Dyretransport fjørfe

Animalia arrangerer eitt til to kurs årleg. Kurset er godkjent av Mattilsynet og gjev kompetansebevis for transport av fjørfe. Kurset er obligatorisk for alle som transporterer fjørfe.

Faktaark


Publisert: 10.12.2014